Då kommunedelplanen for E39 Stord–Os blei vedteken, blei det bestemt at ein i arbeidet med reguleringsplanen skal legge vekt på å ytterlegare avgrense inngrep i verdifull natur.

I samarbeid med Fylkesmannen i Vestland er prosjektet E39 Stord–Os i gang med å identifisere tiltak som kan gi færre negative miljøverknader og redusere dei negative konsekvensane på natur­mang­faldet.

På grunn av dei store naturverdiane i området har økologisk kompensasjon komme opp som eit aktuelt tema i planprosessen. Økologisk kompensasjon er tiltak som kan gjennomførast i eit utbyggingsprosjekt for å redusere resterande negative konsekvensar på naturen etter at ein har gjort det ein kan for å unngå skade, og gjennomført avbøtande/restaurerande tiltak. Samferdsels­departementet utarbeider (no) ei eiga bestilling for utgreiing og vurdering av økologisk kompensasjon på E39 Stord–Os.

Meir informasjon om naturmangfald og økologisk kompensasjon