Arbeidet med naturmangfald i prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast)
Det pågår eit omfattande utgreiingsarbeid innafor fagområde naturmangfald i arbeidet med reguleringsplan for prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast).
Då kommunedelplanen for E39 Stord–Os blei vedteken i 2019, blei det bestemt at ein i arbeidet med reguleringsplanen skal legge vekt på å ytterlegare avgrense inngrep i verdifull natur. Dette arbeidet pågår for fullt.
Kartlegging av naturmangfald i arbeidet med reguleringsplanen
Statens vegvesen fekk i 2020 gjort tilleggskartleggingar av naturmangfaldet i planområdet i det pågåande arbeidet med reguleringsplanen. Rapporten, som er utarbeidd av Asplan Viak, supplerer naturkartlegginga frå kommunedelplanen frå 2015.
Kartlegginga av området vart utført i feltsesongen i 2020 og omfatta naturkartlegging og verdivurderingar både på land, i vassdrag og i sjøen. Med kommunedelplanvedtaket frå 2019 vart det bandlagt ein korridor på 300 meters breidde, i tillegg til utvidingar der det er aktuelt med kryss. I arbeidet med reguleringsplanen skal veglinja optimaliserast innan for denne korridoren. Kartlegginga frå 2020 ein del av grunnlaget for dette arbeidet.
Ytterlegare naturtypekartlegging i 2021
I 2021 ble det utført ytterlegare naturtypekartleggingar, særleg i området sør på Tysnes. Der skal det lagast ei konsekvensutgreiing for eit delstrekningsalternativ som ikkje vart vurdert i kommunedelplanen. Det er også gjort noko tilleggskartlegging på Stord i område.
- Naturtyperegistreringane i 2020 vart gjort etter DN-håndbok 13
- Naturtyperegistreringane frå 2021 er gjort etter Miljødirektoratet sin instruks (NiN)
- Alle data er offentleg tilgjengeleg i Naturbase
- Artsregistreringar er lagt inn i Artskart.
Kartlegging av insekt i hole eiker på Tysnes og Stord
Det er også gjort eigen kartlegging av insekt knytt til hole eiker. Dette fordi det i delar av planområdet er ein del hole eiker. Dette er ein utvald naturtype etter naturmangfaldlova § 52.
Vidare er ein del tjern- og våtmarkslokalitetar særleg undersøkte for augnestingarar sidan den freda arten gulflekktorvlibelle tidlegare er registrert i planområdet. Desse rapportane vil bli publiserte i løpet av våren, og er også ein del av grunnlaget for vurderinga av verknader av ein framtidig veg.