E39 Stord-Os eitt av prosjekta som skal sertifiserast som «Whole project». Det betyr at prosjektet blir sertifisert frå reguleringsplan til ferdigstilling.

Det er vedteken at prosjektet skal sertifiserast frå reguleringsplan til ferdigstilling. Statens vegvesen har vedteke at alle prosjekt over 200 millionar kronar skal sertifiserast i tråd med CEEQUAL i byggefasen.

E39 Stord-Os eitt av prosjekta som skal sertifiserast som «Whole project». Det betyr at prosjektet blir sertifisert heilt frå reguleringsplan til ferdigstilling.

Meir om Ceequal

CEEQUAL (The Civil Engineering Quality Assessment & Awards Scheeme) er eit internasjonalt miljøsertifiseringssystem for anleggsprosjekt der målsetjinga er å gjera desse meir miljøvennlege og berekraftige. CEEQUAL er ein bransjestandard som skal stilla einsarta og føreseielege miljøkrav til anleggsbransjen.

Sertifiseringsordninga omfattar eit breitt spekter av miljøomsyn, frå klima og energiforbruk, via artsmangfald og kulturminne til forholdet til naboar og andre interessepartar. Ordninga krev at vegprosjektet blir vurdert opp mot eit sett av miljøkriterium, og dokumentasjon på at desse kriteria vert overhaldne. Vurderingar og dokumentasjonen skal stadfestast av ein godkjent tredjepart. Kriteria kan brukast i nokre av fasane i eit prosjekt, t.d. plan- og prosjekteringsfase eller byggjefase. Dei kan også brukast for å sertifisere heile prosjektet frå start av planlegging til ferdig bygging og ev. etterundersøkingar.