Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Frå mandag blir det ei omlegging for syklistar og fotgjengarar heilt nord på Osbanen i Rådal på grunn av anleggsarbeid.

Den tidelegare jernbanestrekninga har i mange år vore ein populær og mykje brukt gang- og sykkelveg gjennom søndre bydel og Fana. Denne har heile tida vore open under byggeperioden for E39 Svegatjørn-Rådal, med periodevis omleggingar av kortare strekk på ruta.

Fleire månader

Frå mandag 25.mars blir det ei ny omlegging lengst nord på Osbanen gjennom Rådal i Fana. Det er berre tale om eit par hundre meters ekstra sløyfe oppom Rådalslien, og berre ein mindre høgdeskilnad på reserveruta.

Årsaka er at anleggsarbeidet på motorvegprosjektet no kjem inn tett på Osbanen. Her skal det i tida framover blir graving og sprenging for å gi areal til ny køyreveg, samt gang- og sykkelveg til nyanlegget.

Korte stengingar

Dermed blir Osbanen steng på eit par hundre meter, med god og tydeleg skilta «omsykling» via Rådalslien.

Omlegginga vil pågå nokre månader fram mot sommaren.

Naboane, inkludert Rådalslien skole, er informert direkte om arbeidet, som vil gi støy når det pågår boring, pigging og sprengning i området på dagtid.

Ved sprenging blir det korte stengingar. Det er gratis sms-varsling før sprenging. Send kodeord RÅDALEN til 1963. Avmelding på RÅDALEN STOPP til same nummer.

DSC_9322_syklist
Syklist sett bakfra. Foto.

 

Smal gang-veg uten trafikk - mellom bebyggelse. Foto.
Lengst nord på Osbanen, som blir stengt ein periode framover våren. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland