Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Fem leverandørar konkurrerer no om ein større leveranse av skilt, styreskap og køyrefeltsignal til E39 Svegatjørn–Rådal.

Dei fem leverandørane er ABB AS Norge, Brødrene Dahl AS, Euroskilt AS, SIEMENS MOBILITY AS og Swarco Norge AS.

Avklaring i mars

Dei fem leverte tilbod for prekvalifisering i januar 2019. Samtlege fem firma blei deretter inviterte til å levere endeleg pristilbod innan mandag 25. februar. Kontrollrekning pågår no. Resultatet av konkurransen kjem i mars.

Statens vegvesen har bede om tilbod på levering av 209 fullgrafiske skilt, 155 styreskap og 661 køyrefeltsignal.

Arbeid ved tunnelmunning. Foto
Leveransen gjeld skilt, skap og køyrefeltsignal til E39 Svegatjørn–Rådal. Her frå pågåande arbeid ved munningane av Råtunnelen i Rådal. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland