Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Frå laurdag kveld til måndag morgon blir Fritz C. Riebers veg mellom Bohus og Troldhaugtunnelen stengd.

Arbeidet med ny veg held fram, og difor blir rv. 580 mellom Bohus på Nordås og Troldhaugtunnelen blir stengd i begge felt.

Dette gjeld frå laurdag 16. november klokka 19.00 til måndag morgon klokka 05.30. 

Omkøyringsveg blir om Fanavegen og Nesttun.

Frå måndag morgon av blir det nytt køyremønster.

– Vi legg om drygt éin kilometer med veg, frå aust som er noverande trasé til vest. Tidlegare har bilistar er flinke å omstille seg når det har komme nytt køyremønster, så vi håpar trafikken flyt fint måndag morgon, seier byggjeleiar Espen Martinsen i Statens vegvesen.

 

 

Fritz C. Riebers veg
Frå måndag 18. november blir det nytt køyremønster på Fritz C. Riebers veg. Foto: Erik Unger
Aktuelt for fylke(r): Vestland