Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Det pågår utfylling av sideterreng til nye E39 gjennom dagsoner i Endalausmarka og Svegatjørn. Motorvegen er anleggsveg.

Delprosjektleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen er blid i vårsola. Ho viser stolt fram status i arbeidet med skråninger og grønne vollar langs E39 Svegatjørn–Rådal.

Grønfarge

Ny vegline har for lengst vore synfart av statsråden med følgje. I ettertid har det det blitt vår og gartnar-jobben er komen i gang. Jordvollar får grønfarge etter eit par veker. Busker og tre er under utplanting både ved Kolskogen, Svegatjørn og i Endalausmarka, som etter kvart ikkje framstår like endalaus lengre.

Framleis byggjeplass

- Men framleis er vi på ein byggjeplass. Det står att mykje innreiingsarbeid i tunnelane. Det står og att noko arbeid med steindeponi. Elektromontasje tek til i desse dagar, mellom anna med skilt og veglys.
Det meste av veganlegget i Endalausmarka er gjerda inne med høgt viltgjerde.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland