Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

I dag signerte regionvegsjef Helge Eidsnes og Petter A. Vistnes i Implenia ein stor kontrakt for E39 Svegatjørn–Rådal.

Oppdraget gjeld bygging av nordre delen av motorveg-prosjektet, mellom Bergen og Os. Entreprisen omfattar veg og tunnelanlegg mellom Rådal, Nordås og Flyplassvegen i Bergen kommune.

Tek til i september

Kontrakten på 1.463 mill. kr er blant dei største vegkontraktene som er inngått i Region vest. Det var fire norske og ein spansk entreprenør som ga tilbod på oppdraget. Implenia Norge AS hadde lågaste prisen på jobben.

Det er lagt opp til at arbeidet i felten kan ta til 1. september. Statens vegvesen held to informasjonsmøte om denne delen av vegprosjektet i august.

Krevjande jobb

- Det blir eit krevjande oppdrag, slo regionvegsjefen fast. Han viste til jobben langs rv. 580 Flyplassvegen må ta omsyn til høg trafikk på strekninga. Tunneldrivinga vil dels skje med liten overdekning. Det bur folk på oppsida av tunnelane. Dette vil krevje eit tett og godt samarbeid mellom byggherre og entreprenøren, sa Helge Eidsnes, før han og Vistnes tok fatt på signeringa.

Signering av hovudkontrakten for søndre delen av E39 Svegatjørn–Rådal vil etter planen skje i august, med byggestart i oktober.

Regionvegsjef Helge Eidsnes (t.v.) og adm.dir. Petter A. Vistnes i Implenia Norge AS signerer vegkontrakt for E39 Svegatjørn–Rådal til 1,4 mrd. kr. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland