Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Ved driving av ein overvasstunnel på E39 Svegatjørn–Rådal har ein måtta tilpassa sprenginga til nedbør via kloakktunnel.

Dette var ei av utfordringa teknisk byggjeleiar Catrine Hatlenes i Statens vegvesen la fram i innlegget sitt på den årvisse fjellsprengingskonferansen i Oslo i føremiddag.

Tett på kloakktunnel

Overvasstunnelen går mellom Råtunnelen under Sørås og vestover mot Nordåsvatnet i Bergen. Denne tunnelen krysser i taket på den kommunale kloakktunnelen i området, det spillvatn først skal til eksisterande kloakktunnel.

Det pågår for tida bygging av ein vasstett brukonstruksjon i dette krysningspunktet mellom Statens vegvesen sin overvasstunnel og den kommunale kloakktunnelen.

Kryssinga har kravd tiltak med røyr og omfyllingsmassar i kloakktunnelen. Det gir nedsett kapasitet i den kommunale VA-tunnelen. Dette har igjen ført til at sprengingane har måtta tilpassast nedbøren. Nokre få av salvene har vore utsette til neste dag på grunn av høg vasstand og manglande tilkomst for inspeksjon.

Lange tverrtunnelar

Hatlenes kom og inn på dei spesielt lange redningstunnelane mellom Råtunnelen og Søråstunnelen på E39-prosjektet. Det er eit krav at det skal vere slike tverrslag med 250 meters mellomrom i tunnelane. Slike evakueringsløp til nabotunnelen er eit sikringskrav til lange tunnelar med høg trafikk.

Det lengste tverrslaget er heile 284 meter langt. Det nest lengste er på 154 meter, opplyste Hatlenes på dagens konferanse i Oslo.

Teknisk byggjeleiar Catrine Hatlenes i lag med prosjektleiar Sverre Ottesen på E39 Svegatjørn-Rådal. (Foto: Geir Brekke)
Teknisk byggjeleiar Catrine Hatlenes i lag med prosjektleiar Sverre Ottesen på E39 Svegatjørn-Rådal. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland