Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

- Vi er svært nøgde med at det er levert inn sju tilbod på elektro-jobben på E39 Svegatjørn–Rådal, seier Markus Halland.

Han er prosjekteringsleiar for elektro på prosjektet og har jobba med konkurransegrunnlaget for denne entreprisen. Av dei sju tilboda er to levert frå arbeidsfelleskap som er etablert.

Avklaring til hausten

Pris er ikkje einaste grunnlag for tildeling av kontrakt. Med god oppdragsforståing kan entreprenøren få eit frådrag i prisen som er levert. Dette vil bli avklart seinare i haust.

Dei to arbeidsfellesskapa som har levert tilbod:

  • ABB AS og Magnus M. Thunestvedt frå Bergen
  • Kvinnherad AS og Los Elektro AS frå Bømlo

Desse fem elektro-entrepenørane har gitt tilbod:

  • Mesta, Lysaker
  • Bravida Norge, Oslo
  • Aldesa Construcciones SA, Oslo
  • Scanmatic AS, Staubø (Aust-Agder)
  • One Nordic Kraftmontasje AS, Vestnes

 

Det er god konkurranse om oppdraget for elektro-montasje på E39 Svegatjørn-Rådal, med storparten av strekninga i tunnel mellom Os og Bergen. (Arkiv Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland