Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

I dag blei den største elektro-kontrakten i Statens vegvesen inngått i Bergen. Det er ein entreprise på 382 mill. kroner.

Oppdraget gjeld bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal.

Bergen og Asker

Arbeidet skal utførast av arbeidsfelleskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker.

Det har vore ein grundig prosess før ein kom fram til signering av kontrakt. Tilbodsopninga var for eitt år sidan. Sidan har saka vore oppe to gongar i Oslo byfogdombod, før Statens vegvesen nyleg vann fram i retten, og kunne signere kontrakt i dag.

Over 400 kamera

Kontrakten inneheld ikkje mindre enn 125 km med el-kablar, 100 km med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel. Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 naudtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.

Arbeidet vil venteleg ta til i Skogafjellstunnelen i Os, der entreprenøren er komen lengst med innreiinga av dei to tunneløpa.

00118579 Storste elektro-avtalen signert
Tre blide karer som signerer kontrakt. Foto.

Seks deltakere ved kontraktsignering. Foto.
Glade partar med signerte kontraktar. F.v. Salssjef Trygve Jetmundsen og salsdir. Tor-Ove Lussand, ABB AS, regionvegsjef Helge Eidsnes og prosjektleiar Sverre Ottesen, Statens vegvesen og styremedlemane Magnus Thunestvedt og Jan Konrad Olseth, Magnus M. Thunestvedt AS. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland