Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Dei neste tre vekene blir det gjort arkeologiske registreringar i samband med planlegginga av E39 Volda-Furene.

Dei arkeologiske registreringane blir gjennomført av kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og er ei kartlegging av det ein kan forvente å finne av automatisk freda kulturminne innanfor aktuelt areal i planområdet.

Slik blir registreringa gjort

Det kan vere aktuelt å bruke gravemaskin for å sjå etter buplassar, graver og andre automatisk freda kulturminne som i dag ligg skjult under markoverflata. I tillegg vil det verte gjort ei visuell synfaring i terreng som det ikkje er aktuelt å nytte gravemaskin på. Om det blir nytta gravemaskin, vil området bli ført tilbake til slik det var etter at arbeidet er avslutta.

Lovpålagt arbeid

Registreringane er lovpålagte og ein del av Statens vegvesens arbeid med reguleringsplan for E39 Volda-Furene. Berørte grunneigarar er varsla per brev.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal