Artikkelen er fra 2012, og innholdet kan være utdatert.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-5, jf. § 11-14, og i samsvar med vedtak i Volda Formannskap i sak 18/12 den 6. februar 2012, vert kommunedelplan for E-39 Volda-Furene med tilgrensande arealformål på Rotset/Myrane og i Fureneområdet, lagt ut til offentleg ettersyn i tida 26. mai til 14. juli 2012.

Planforslaget består av Planomtale med føresegner, plankart og konsekvensutgreiing gjennomført i samsvar med  reglane i  plan og bygningslova § 4-2 og tilhøyrande forskrifter.
Etter vedtaket i sak 18/12  er det fremja eit alternativ for sentrumsområdet /Myrane - A4 og to alternative planløysingar  for området i Furene, basert på vegløysing A4 og A5.

Alternativ A 4 er tilrådd av Statens Vegvesen. Planen inneheld ut over sjølve vegløysinga, framlegg til arealbruk for tilgrensande areal i Sentrumsområdet og i Furene, areal som i kommunedelplan Volda sentrum/Furene og Vikebygda godkjent 18. juni 2009 var bandlagt i påvente av ny kommunedelplan.

Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn:

Merknader til planframlegget skal vere skriftlege og sendast innan 14. juli 2012 til:

  • Volda kommune, Postmottak, Stormyra 2, 6100 Volda, eller
  • ved e-post

Spørsmål til plan kan rettast til:

  • Samordning og utviklingsstaben- planseksjonen telef. 70058717/91151347, eller
  • Statens vegvesen Region midt, telefon 70175077 -
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal