Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Få dagar før valet kom tre statsrådar på besøk til Vestlandet med nyheiter om traséval.

Tre statsrådar kunne fortelje at det blir søndre kryssing av Langenuen
Hordfast-vedtak

På ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg kunne samferdsleminister Jon Georg Dale, kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og finansminister Siv Jensen meddele nyheita om at trasévalet er tatt, og at dei har gått for den søndre kryssinga av Langenuen. 

– Dette er ein veg med lokal, regional og nasjonal betyding. Vegen er den med størst samfunnsytte i NTP. Bo- og arbeidsmarknaden er viktig, men dette er også ein næringsveg, ikkje berre for Vestlandet, seier Monica Mæland.

– Statens vegvesen kjem til å måtte gjere ein grundig jobb. Det blir naturinngrep, men det skal sikrast at det blir gjort på ein så skånsam og fornuftig måte som mogeleg, seier ho. 

Finansminister Siv Jensen, kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og samferdsleminister Jon Georg Dale.
Statsråder

Ny kostnad i oktober

Det er venta at kostnaden kan reduserast gjennom optimalisering av bruene over Langenuen og Bjørnafjorden, samt andre justeringar av tunnel- og veglinjer. Kostnaden skal reknast på nytt i byrjinga av oktober. Resultatet vil vere viktig for departementet sitt arbeid med Nasjonal transportplan.

Prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes ser no fram til å jobbe vidare med prosjektet.

– Det er eit stort reguleringsarbeid med mange fagområde som skal i gang. Vi må aller først få på plass ein prosjektorganisasjon. Arbeidet krev god samhandling mellom kommunane og regionale mynde, det trur eg vi har eit godt grunnlag for å få til, seier Eikenes.

Dette har dei valt

Alternativet som KMD har valt er ei søndre kryssing av fjorden. Vegen kjem til å krysse Langenuen med hengebru mellom Jektevik i Stord kommune og Hodnanes i Tysnes kommune. Det er lagt inn eit kryss på Økland, medan hovudkrysset på Tysnes er lagt til Søreid. Frå Søreid går E39 nordover og kryssar Bårdsundet med ei bru vest for eksisterande fylkesvegbruer. Vidare er vegen lagt på vestsida av øya Reksteren nord til Gjøvåg, og bru vidare over Bjørnafjorden til Os.

Alternativ F
Alternativ F Langenuen

 

 

Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag