Dei største utfordringane låg i å krysse fjordar med løysingar som så langt, ikkje var eller er gjennomført tidlegare. Dei mest «ekstreme» av desse fjordane er frå sør; Boknafjorden, Bjørnafjorden, Sognefjorden og Sulafjorden. I tillegg kjem fjordane Langenuen, Nordfjord, Vartdalsfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden.

Verdas lengste tunnel i Boknafjorden

Kryssing av Boknafjorden vil bli med undersjøisk tunnel. Tunnelen skal byggast med 4 felt (to tunnelløp). Tunnelen blir ein av verdas lengste med sine om lag 27 km, og ein av dei djupaste når den går ned til 390 meter under havoverflata. Byggestart i 2017.

Bjørnafjorden er med sin breidde på om lag 5000 meter ei utfordring å krysse. Det er vurdert ulike løysingar her, både flytebru, røyrbru og hengebru kombinert på flytande plattformar. Det er ikkje konkludert kva som blir den endelege løysinga, og det blir nå samla og registrert data for bølgjer, vind og straum. Arbeidet med kommunedelplan er i gang, og planen er byggestart i 2021.

Sognefjorden var fjordkryssinga der ein starta opp med teknologivurdering for kryssing av ekstreme fjordar. Det arbeidet dannar grunnlaget for seinare utvikling og utforming av konstruksjonane. Kryssing av Sognefjorden er ikkje planlagt starta opp før i 2031.

Sulafjorden skil seg frå dei andre fjordkryssingane med sin nære plassering til havet. Fjorden er meir påverka av havdønningar enn dei andre kryssingane, og kryssinga er utfordrande. Det er starta opp registrering av bølgjer, vind og straum i fjorden samt forprosjekt på brukonsept. Sulafjorden er planlagt starta opp i 2029.

Romsdalsfjorden kan få byggestart i 2020

Dersom finansieringa kjem på plass, vil ein gå i gang med kryssing av Romsdalsfjorden i 2020. Fjorden vil få ein undersjøisk tunnel på 16 km lengde. I tillegg er det knytt ei hengebru på 1600 meter over Julsundet, vest for Molde, til prosjektet.

Vegstrekningane mellom fjordkryssingane er dels under planlegging og dels under bygging. Det blir arbeidd med å tilpasse dette til eksisterande veg slik at trafikken kan avviklast i byggjefasen.

Forsking

Ferjefri E39 opnar for unik forsking og etablering av sterke fagmiljø. Om lag 50 doktorgradar eller post doc-prosjekt er no i gang.

Kontakt

Statens vegvesen, Region vest, koordinerar arbeidet med delprosjekt Gjennomføring, planlegging og utbygging.

Leiar av delprosjektet er Kjartan J Hove