Det seier Signe Eikenes, Prosjektleiar for E39 Aksdal - Bergen og Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for kryssing av Bjørnafjorden.

– Få ting opptar oss meir enn vegen vi køyrer på kvar dag. Vegen gjer det muleg for oss å komme oss til barnehage, skule, jobb, butikkar og sjukehus. Vegvesenet er oppteken av å bygge trygge vegar for framtida, og ferjefri E39 handlar ikkje berre om fjordkryssingar, vi utbetrar også vegane mellom fjordane, fastslår dei to.

Dei forklarer vidare: Med redusert reisetid mellom byane i regionen vert bu- og arbeidsmarknaden utvida og meir fleksibel. Dette er eit av elementa bak den politiske prioriteten med ferjefri E39. Ferjefri kryssing av Bjørnafjorden (Hordfast) og Rogfast vil opne for vekst og vere positiv både for bedrifter og reisande.

Bru framfor ferje gjer stor forskjell

– Ein gløtt over til Sotrabrua, Trekantsambandet og Nordhordlandsbrua fortel at bru for ferje gjer ein stor forskjell! Planforslaget for E39 Stord-Os har som mål å skape ei ønska samfunnsutvikling basert på utvida bu- og arbeidsmarknad langs E39. Vi veit at mange meiner Hordfast er kostbart og at pengane kunne ha kome betre til nytte andre stadar. Hordfast er likevel nyttig for samfunnet, understrekar Belsvik.

– Prioritering med å få på plass bru over Bjørnafjorden vart teke av regjeringa i desember 2013 ved at ein la til grunn midtre alternativ i KVU Aksdal-Bergen.

Når vil ein oppnå ønska effekt?

– Det er mange variablar som avgjer kor raskt vi vil oppnå ønska effekt, eitt av dei er utbyggingstempoet. Vi veit at om Hordfast ikkje blir realisert må ein betale for ferja i all framtid. Tilsvarande veit vi at ei døgnopen bru gir innkorta reisetid, og vil være lønsam. Ved å byggje bru over Bjørnafjorden bind vi samen to av dei største byområda i landet. Dette er eit område med stor eksportretta næring der alle kostnadsreduserande tiltak for næringsaktiviteten hjelper til å styrke konkurranseevna i regionen, forklarar Belsvik. Når det gjeld spørsmåla om byggestart og bompengar, så kan ikkje Statens vegvesen forskottere Stortinget sine framtidige vedtak , seier Eikenes.  

Bruer og vegar endrar busettingsmønstre

– Utan Nordhordlandsbrua, Askøybrua og Sotrabrua hadde ikkje tettstadane i tilknyting til desse bruene opplevd den veksten dei har hatt, seier Belsvik.

– Sotrabrua opna i 1971, og allereie frå slutten av 1980-tallet var kapasiteten sprengd, og folketalet på Sotra har auka frå 23 000 i 1990 til cirka 35 000 i dag. Med eit ferjefritt samband mellom Stord og Os kan vi få ei liknande utvikling av området mellom Bergen og Stavanger. Når vi knyt saman Sunnhordland og Bergen blir det like raskt å kome seg frå Tysnes til Bergen som det er frå Os til Bergen i dag, sier han.

Eikenes forklarar at ein kan velje å bu landleg samtidig som det er lett å kome seg til og frå sentrum.

– Tettstadar og byar innanfor ein radius av éin times køyring til og frå store bysentra opplever tilstrøyming av folk som vil bu der. Når vi reduserer reisetida til Bergen vil Tysnes og Reksteren bli fine stadar å busette seg. Det blir kort veg til sentrum av Bergen, Sandsliområdet, Flesland og Haukeland sjukehus. Ho spør: Kan det bli meir attraktivt for unge å busette seg på stadar som Gjøvåg, i Uggdal eller på Fitjar? Vil det bli meir attraktivt for folk som bur i Os å pendle til Stord for å jobbe?

Belsvik poengterer at Bergen får stor nytte av verdiskapinga i regionen, og vil trekkje til seg arbeidskraft og kompetanse. Med ny ferjefri E39 kan ekspressbuss mellom Bergen og Stavanger bli eit konkurransedyktig alternativ til fly. Når vi i framtida køyrer med el-drivne transportmiddel utsleppet frå vegtransporten sjølvsagt gå vesentleg ned.

Ei investering for framtida

Å styrke infrastrukturen på Vestlandet kostar pengar.

– Vi må løyse nye utfordringar og utvikle ny teknologi. Vi skal bygge trygge vegar for framtida, og utgreier grundig for å vere sikre på at vi vel riktige og gode løysingar. Vi tøyer grenser men på ein trygg måte, seier Belsvik. Kor stor samfunnsnytten vert, er i stor grad avhengig av kva analyse- og berekningsmetodar som ligg til grunn. Hordfast gjev stor samfunnsøkonomisk nytte med gjeldande metodikk.

– Vi har den nødvendige kunnskapen for å realisere målet om å styrke bu- og arbeidsmarknaden langs Vestlandskysten. Dette er ei ønska utvikling for alle oss som bur i regionen, avsluttar dei to.

Stord-Os-parsellen inneber ferjefri fjordkryssing og ein trasé som går frå Stordøya i sør, via Reksteren i Tysnes kommune og vidare til Os kommune i nord.  

Film om kryssing av Bjørnafjorden

 

(Filmen er laga av Gemini Forskning, SINTEF/NTNU)