I stortingsvedtaket for Førdepakken er det prioritert 20 tiltak. I tillegg skal det byggjast 5 bomstasjonar, og det er sett av 100 mill. 2012-kr. til uspesifiserte tiltak. Ut frå stortingsvedtaket er totalkostnad for utbyggingane gitt, om det blir kostnadsoverskridingar skal ein kutte tiltak frå botnen av prioriteringslista.

I det vidare arbeid vil det bli felles planlegging og utbygging for nokre av tiltaka.

Innkrevjing av bompengar vil truleg starte seint i 2016, og vil pågå i ca. 12 år. Utbygging av tiltaka vil starte i 2017, og vil truleg vere avslutta i 2024.