Prosjektet inneheld ny veg og ny bru over Jølstra, tilrettelagt for gang- og sykkeltrafikk. Prosjektet blir eit viktig gang-/sykkelvegsamband mellom idrettsparken i ny bydel og eksisterande kultur/idrettshus (Førdehuset) og eksisterande idrettsbanar.

Lengda av prosjektet er på omlag 550 m og er førebels kostnadsrekna til 140 mill. kr. (2012) Prosjektet vil bidra til å løyse kapasitetsproblem i Førde sentrum. Det opnar opp for utbygging av ein ny bydel (Hafstad bydel). Den nye vegen vil bli ein fylkesveg.

Det er ein godkjent reguleringsplan for tiltaket, men pga. komplikasjonar rundt fundamentering av brua over Jølstra må denne reviderast. Utkast til ny reguleringsplan blir truleg lagt ut til offentleg ettersyn før sommaren 2020. Bygging av tiltaket er venta å starte hausten 2021.