Delprosjekt 10 er ein gang- og sykkelveg frå den austlege delen av Førde til sentrum. Delprosjekt 11 er tilpassinga av gangvegsystemet i Hafstadparken til den nye brua over Jølstra til Angedalsvegen (tiltak 1).

Vegen er viktig for å knyta bydelane i Førde tettare i hop, og gje gåande og syklande kortare reisetid mellom Vie, Hafstad og Førde sentrum. Større avstand til biltrafikken og færre kryssingar med køyreveg vil betra trafikktryggleiken for dei syklande og gåande.

Traseen ligg i eit sentrumsnært turområde, skjerma for trafikk. Langs gang- og sykkelvegen vert det sett opp benkar og bord, og gangvegen får gatelys. Ved å leggja til rette for naturopplevingar og mosjon i nærmiljøet, håpar ein at prosjektet kan bidra til at fleire i Førde syklar eller går, og få ein positiv effekt for folkehelsa og miljøet,

Ei bru for gåande og syklande over Jølstra eller Anga til FSS har vore vurdert, men forslaget er no lagt bort. Brualternativa som gjev mest nytte er òg dei som har dei høgaste kostnadane, og dels størst konfliktpotensiale, spesielt i høve flaum og naturverdiar. Omsynet til flaum gjer at ei bru rett over mot sjukehuset ville blitt svært lang, og dermed kostbar – godt over den økonomiske ramma prosjektet har.

Gang- og sykkelvegen frå Hafstadparken til Kronborgvegen (prosjekt 10) er kostnadsrekna til 15.mill kr (2017). Delprosjekt 11 (tilpassing til bru) kjem i tillegg til dette.

Første halvdel av tiltak 10 vart bygd som ein del av Førdefjorden Energi sitt fjernvarmeprosjekt, siste del av gang- og sykkelvegen skal byggast i same kontrakt som tiltak 3 og 4. Bygginga startar i februar 2019, og skal vere ferdig innan sommaren 2020. Den nye gang- og sykkelvegen skal vere ein kommunal veg.

 

Nedst på sida finn du m.a. plankart reguleringsplanen som vart samrøystes vedteken av bystyret i Førde 28. september 2017.