Prosjektet inneheld køyreveg og bru med tilrettelegging for gang/sykkeltrafikk i ei lengde på 550 meter frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen fram til lyskryss ved fv. 60 Storehagen(tidlegare fv. 481). Det er planlagt fortau på begge sider av ny gate.  På den eine sida av gata - nord/austsida - er det planlagt sykkelveg. I tillegg vert det rabatt med trerekker langs gata.

I forslaget til reguleringsplan er Langebruvegen behalden som ein av hovudaksane i Førde sentrum, og vil binde saman dagens sentrum med ny bydel som kjem på Indre Øyrane. Langebruvegen vert omforma frå veg til bygate, med gode tilhøve både for køyrande og mjuke trafikantar. Her er framleis  plass til bilar, men det er prioritert plass til folk. Med fortau på begge sider av gata er det god tilkomst til bygningane. Langsgåande allé gir gata eit grønt preg, og avstand til trafikken.

Det er lagt opp til langsgåande parkering, eige parkeringsplassar nord og sør for Løken m.m.  Samla sett vert det like mange parkeringsplassar som i dag. Men ikkje alle parkeringsplassane vil liggje heilt inntil eigedomane.

Inngangspartiet på Helsetunet vert i stor grad uendra. Køyrebana ligg ca. 50 meter frå inngangspartiet til Helsetunet, ute i det som i dag er Løken/krattskog. Ved den sørlege fløyen på Helsetunet ligg ny gate om lag i same avstand som i dag.

Det er lagt opp til fleire plassar/utkikkspunkt som vert tilrettelagt for med benker, både ved Løken og langs Langebruvegen. Desse gir gata ein eigen identitet og skaper rom for opphald, aktivitet og møteplassar. 

Nytt samband er sentralt for avvikling av trafikken i Førde sentrum og avgjerande for utbygging av Indre Øyrane og fortetting i sentrum nordvest.

Prosjektet er kostnadsrekna til 93 mill. kr, og ligg innanfor den økonomiske ramma som er føresett i bompengesøknaden. Den nye gata vert kommunal.

Utarbeiding av reguleringsplan vart varsla i desember 2015. Statens vegvesen, i samarbeid med Førde kommune har utarbeidd forslag til reguleringsplan. Denne er sendt til Førde kommunen for å bli lagt ut til offentleg gjennomsyn. Planutvalet vedtok 22.juni 2017 å legge planen ut til offentleg gjennomsyn.

For å få betre trafikkavvikling ved m.a. bygging av tiltak 9 i Storehagen ønskjer vi å prioritere dette tiltaket. Vi har ambisjon om å starte bygging tidleg i 2020.