Reguleringsplanen for E39 Fjellvegen og Hafstadvegen vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre 30.april.

Planen legg opp til at Hafstadvegen vert ei gate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom planområdet.

På E39 skal dei ulike kryssa utbetrast slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen vert flytta litt på. Det vert ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og dagens tilkomst vert gjort om til ein gang og sykkelveg.


Planområdet går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad. Det vil bli gjennomført støytiltak langs heile strekninga.