Det største prosjektet i pakken gjeld tiltak langs fv. 481 Angedalsvegen. Prosjektet er delt i to delprosjekt. Del 1 strekkjer seg frå Førdehuset til Prestefossbrua. Prosjektet er førebels kostnadsrekna til 280 mill. kr. (2012). Del 2, frå Prestefossbrua og til Skora er førebels kostnadsrekna til 80 mill. kr. (2012).

Prosjektet har ei samla lengde på ca. 2,8 km, fordelt med omlag 1,6 km på del 1 og omlag 1,2 km på del 2. Det er planlagd sykkelveg med fortau på nordsida av vegen. Vegen går i eit område med til dels dårlege grunnforhold. Det er behov for å gjennomføre støytiltak på mange bustadhus. Ei utbygging av Angedalsvegen, med betre fortau og sykkelveg, vil skilje trafikantgruppene og gje ein tryggare og betre trafikksituasjon for alle trafikantgrupper. Tiltaka vil også lette tilkomsten, og dermed beredskapen, til sentralsjukehuset.

Detaljreguleringsplanen for fv. 481 Angedalsvegen del 1 er no ute på høyring. Frist for å komme med merknader til planen er 3. september 2019. Bygginga av tiltaket vil truleg starte i siste del av 2021.

Kontaktperson i samband med reguleringsplanen:

Magna Vangsnes
95191963
magna.vangsnes@vegvesen.no

 

Område varsla ved planoppstart Del 1 og Område varsla ved planoppstart Del 2