Det skal planleggjast nytt gang- og sykkelsamband frå rv. 5 Naustdalsvegen til fv. 481 Angedalsvegen i området ved Førdehuset. Det skal byggjast ny gang- og sykkelveg på sørsida av Løken fram til Langebruvegen. Vidare austover er det aktuelt med nytt fortau i Kyrkjevegen, og utbetring av tilhøva langs eks. vegar mot Førdehuset. Tiltaka vil m.a. gi betre tilkomst til skular og Førdehuset for gåande og syklande. Dei er førebels kostnadsrekna til 87 mill. kr. (2012). Nytt samband skal vere kommunal veg.

Oppstartsvarsel for tiltaket vart lyst ut i avisa i 2015 saman med dei fleste andre tiltaka i Førdepakken. Tiltak 16, ny gang og sykkelveg frå Naustdalsvegen til Førdehuset, stod ferdig i oktober 2018. Bygging av tiltak 18 vil truleg starte i 2019. Område varsla ved planoppstart