Prosjektet inneheld ny veg over Halbrendsøyra, ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande kommunal veg Øyrane med samband til rundkøyring og rv. 5. Ny veg og bru er planlagt med tosidig fortau. Lengda på prosjektet er på om lag 510 m og er førebels kostnadsrekna til ca. 200 millionar kroner. Tiltaket vil bidra til å betre trafikkavviklinga i Førde sentrum, og knyte saman områda Halbrendsøyra/Steinen og Øyrane. Ny gate og bru vil bli fylkesveg. Det er planlagt fortau langs gata.

Planoppstart vart varsla i mai 2018. I samsvar med oppstartsvarselet er det utarbeidd eit skisseprosjekt. Førdepakken tek sikte på å fullføre reguleringsplan i 2021.