Det skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplass ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum. Brua vil bli ca. 5 m brei, slik at to syklistar skal kunne møtast utan problem. Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 20 mill. kr. (2012). Den nye brua skal vere kommunal veg.

Utarbeiding av reguleringsplan starta i desember 2015, bygging av tiltaket vil truleg starte sommaren 2021.

 Område varsla ved planoppstart