Askvollkrysset-b

I alt er det komme inn fire anbod på prosjektet. Den lokale entreprenøren Magne Hafstad AS har levert det lågaste anbodet, på knappe 29 millionar kroner.

 – Me er godt nøgde med konkurransen og prisane som har komme inn, seier byggjeleiar for delprosjektet, Asgeir Helleseth Furnes.

– No skal me kontrollrekna og gå gjennom dokumentasjonen til entreprenørane. Me reknar med få underskrive kontrakt rundt nyttår, og slik at arbeidet kan ta til i fyrste halvdel av januar.

Anbod  
Magne Hafstad AS  29 164 066
Røyseth Maskin AS  32 672 339
Contexo AS      34 409 141
Entreprenørservice AS   36 373 935