I alt kom det inn tre tilbod, alle frå lokale entreprenørar. Entreprenørservice AS var lågast med 41,8 millionar kroner. Deretter følgde Magne Hafstad AS med 44,4 millionar, og Røyseth Maskin AS med 44,6 millionar.

No startar arbeidet med å kontrollrekne tilboda og sjekke at all dokumentasjon er lagt ved, før Vegvesenet tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

– Etter framdriftsplanen vert kontrakten med entreprenøren signert i løpet av januar. Anleggsarbeidet vil truleg starte i februar, seier byggeleiar Trond Arild Austgulen.

 

Namn på tilbydar   Tilbodssum ekskl. mva
Magne Hafstad AS         44.403.949,00
Entreprenørservice AS41.788.597,00
Røyseth Maskin AS       44.617.604,00