Tiltak 3, 4 og 10 er lyst ut i eitt anbod. Måndag 29.oktober vart entreprenørbransjen inviterte til anbodssynfaring og informasjon om tiltaka. Statens vegvesen håpar at flest mogleg av dei leverer inn tilbod innan fristen 30.november.

- Vi ser føre oss oppstart i løpet av januar 2019. Prosjektet skal vere ferdig til pinsa 2020, seier byggjeleiar Trond Arild Austgulen.

 Delar av Tiltak 10 er allereie ferdig, denne gang- og sykkelvegen vart bygd som ein del av Førdefjorden Energi sitt fjernvarmeprosjekt. No står det att ein siste rest langs elva til Brulandsvellene, når prosjektet er ferdig kan ein gå eller sykle frå Hafstadparken til Kronborgvegen.

Tiltak 10 går langs elva frå Hafstadparken til Brulandsvellene.Tiltak 10 går langs elva frå Hafstadparken til Brulandsvellene.

Tiltak 3 og 4 inneheld ny gang- og sykkelveg nord for E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata. Vegen skal også hevast 80 centimeter av omsyn til flaum, dette er viktig for å sikre framkomsten til sjukehuset.

- Tiltak 3 og 4 blir eit utfordrande anlegg. Her ligg det viktig infrastruktur i bakken, som hovudvassleidninga til Førde og ein høgspentkabel. Arbeidet må utførast med god planlegging og omsut slik at desse ikkje vert skada, seier Erling Varlid, prosjektleiar i Førdepakken.

I tillegg går arbeidet på ein veg som er blant dei mest trafikkerte i fylket. Kravet er at det skal vere to køyrefelt gjennom heile anleggsperioden. Det skal ikkje utførast arbeid som medfører ulemper for trafikantane i rushtida på morgon og ettermiddag. Ekstra viktig blir det også å ivareta dei mjuke trafikantane gjennom heile anleggsperioden.

Tiltak 3 og 4 inneheld ny gang- og sykkelveg nord for E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata.Tiltak 3 og 4 inneheld ny gang- og sykkelveg nord for E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata.