Dette er eitt av tiltaka i utkast til reguleringsplan for krysset og området rundt, som no er ute på høyring. Planane for Askvollkrysset er ein del av Førdepakken, tiltak seks og sju.

AskvollkryssetAskvollkrysset slik det ser ut i dag.

Skjermar Brulandstunet

Dagens kryss skal flyttast ti meter til vest, slik at det vert plass til eit lyskryss. Lyskryss vil gjere det tryggare for fotgjengarar å krysse E39, og gjere det lettare for dei som kjem frå fv. 609 å komme seg inn på E39.

Flytting av krysset gjer også at dei to avkøyrslene som i dag kjem inn frå nord og sør kan flyttast lengre inn på fv. 609. Denne løysinga gjer også at fylkesvegen kjem lengre vekk frå det kulturhistoriske Brulandstunet.

Fortau langs fv. 609

Det blir høgresvingefelt på E39 frå Førde når ein skal inn på fv. 609, og frå fv. 609 inn på E39 oppover.

I tillegg til utbetring av krysset, skal det også byggast fortau langs fv. 609 frå Halbrendsøyra til Steinen. I dag passerer det 3500 køyretøy dagleg på denne strekninga. Eit gangfelt vil gjere det lettare for gåande å ferdast lang fylkesvegen.

Plandokumenta lagt ut

Merknader

Merknader, innspel eller andre relevante opplysningar skal sendast skriftleg, anten med vanleg post til Førde kommune, Byggesak og arealforvaltning, Postboks 338, 6802 Førde, eller med e-post til postmottak@forde.kommune.no. Send det til oss innan 31. august 2016.

Alle merknadar/innspel blir vurdert og kommentert i saksframstillinga til vidare politisk handsaming. Førde bystyre vil vedta reguleringsplanen, og deretter kan Statens vegvesen starte prosjektering av desse tiltaka. Då kan det bli byggestart tidleg i 2017.

Har du spørsmål til planarbeidet?

For spørsmål om planarbeidet kan de ta kontakt med Førde kommune v/Arve Seger, 57 61 27 19 / 480 22 626 eller arve.seger@forde.kommune.no.

Kontaktperson for planarbeidet i Statens vegvesen er Gun-Mari Ødegård, 97 73 88 44 eller gun-mari.odegard@vegvesen.no