Planområdet Klettatunnelen 2Planområdet Klettatunnelen 2

Reguleringsplanen:

Planområdet ligg ved riksveg 5 ca. 1,5 km nord for rundkøyringa E39 X rv.5 i Førde sentrum. Utkastet til detalgreguleringsplan viser separat gang – og sykkeltunnel og nytt samankoplingspunkt med eksisterande gang- og sykkelveg. Tunnelen vert ca. 450 meter lang og tunnelportalen (opninga) vert i nærleiken av Stranda burettslag. Tunneportalen i sør (Korsen-sida) vert slik den ligg i vedteken reguleringsplan (rv. 5 Kletten gs-tunnel, planID. 143220150024).

Følgjande reguleringsplanar vert delvis erstatta av planen:
Bergum – Hornnes nord vedteken 21.04.1975, Kletten gs-tunnel vedteken 26.10.2017, Hundvebakke vedteken 01.11.1973.

Merknader

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn frå 25. juni. Frist for å komme med merknader til planen er 3. september 2019.
Marknader skal sendast skriftleg til
• Førde kommune, Boks 338, 6802 Førde,
• eller som e-post til postmottak@forde.kommune.no

Plandokumenta er tilgjengelege på
• Servicetorget i Førde kommune
• Førde Bibliotek i Førdehuset
• kommunen si heimeside på internett under kunngjeringar https://www.forde.kommune.no/om-oss/kunngjeringar

Informasjonsmøte

Det skal vere eitt ope møte der planen vert presentert den 25. juni kl.18.00 – 19.00 i Førde rådhus. Etter møtet vert det høve til å snakke med planleggar, grunnervervar og prosjektleiar i Førdepakken. Møtet vert på møterom i 4. høgda så de må nytte den utvendige trappa opp.

Kontakt

Spørsmål kan rettast til Vigdis Lobenz på tlf. 975 17 380/e-post vigdis.Randine.Rorstad.Lobenz@forde.kommune.no eller planprosjektleiar i Statens vegvesen, Gun- Mari Ødegård gun-mari.odegard@vegvesen.no.