– Let the games begin!

Med desse orda sette Olve Grotle første spadestikk i jorda for Førdepakken, og markerte starten på åtte år, altså to olympiadar, med vegbygging i Førde.

Markeringa fann stad på industriområdet ved Bergum, tett ved riksveg 5. Ordføraren vart omkransa av dei andre samarbeidspartane i Førdepakken:  fylkesdirektør Dina Lefdal, avdelingsdirektør Svenn Finden og styreleiar i Førdepakken bomselskap, Oddvar Flæte.

Tilstades på markeringa var også fleire representantar frå Førde kommune, Vegvesenet og Entreprenørservice AS – firmaet som har fått oppdraget med ombygging av Bergumkrysset på riksveg 5.

Arbeidet går mellom anna ut på å erstatte to T-kryss som har dårleg sikt, med ei rundkøyring. Saman med ein ny fotgjengarundergang skal dette gjere krysset betydeleg tryggare og betre enn det er i dag.