Som ein del av planleggingsarbeidet i Førdepakken skal det gjerast grunnundersøkingar på tre av prosjekta i løpet av april og mai, Indre Øyrane-Langebruvegen, gang- og sykkelvegbru ved Naustøyna – Storehagen og gang- og sykkelveg Halbrend skule – Hogane.

- Undersøkingane skal gje oss oversikt over grunnforholda – kor djupt er det ned på fast fjell og kva type lausmassar som er i området. Denne informasjonen må vi ha når vi skal vurdere kva som trengs av masseutskifting, om det er telefarlege massar, stabilitet og setningar, korleis konstruksjonar og bruer kan fundamenterast og mykje anna, fortel planprosjektleiar Magna Vangsnes

Grunnundersøkingane vert utført med ein beltegåande borerigg. Det er konsulentselskapet Rambøll som utfører undersøkingane på oppdrag frå Statens vegvesen/Førdepakken.

- Arbeidet med reguleringsplanane på desse tre prosjekta er i startfasen. Vi håpar å ha ferdig desse reguleringsplanane i 2017, seier Vangsnes.