Mange av tiltaka i Førdepakken var i kommunedelplanen tenkt med sykkelfelt i same retning som køyreretning, og fortau på kvar side.


SykkelfeltSykkelfelt

Mange stader vil overgangen frå gang- og sykkelveg til sykkelfelt vere forvirrande for syklistane, og kunne skape farlege situasjonar.

Dette gjeld spesielt for strekningar med mykje trafikk, som langs E39 Fjellvegen, Angedalsvegen, Storehagen og langs riksveg 5 mellom Øyrane og Langebruvegen.

- Her kan sykkelfelta opplevast som utrygt på grunn av stor trafikk, eller syklistane brukar felta feil, ved at dei til dømes syklar i feil retning, forklarer Ingar Hals, prosjektleiar i Førdepakken.

Statens vegvesen vil heller planlegge med gang- og sykkelvegar, som blir utforma som ein sykkelveg med fortau. Dei syklande vil bli skilt frå dei gåande, og sykkelvegen blir delt i to «køyrebaner». Gåande og syklande blir skjerma frå bilistane. Avhengig av fartsgrensa på strekninga vil dei bli skilt frå bilistane med kantstein, rekkverk eller anna skilje.

- Dette vil bli eit tryggare og meir føreseieleg system for syklistane. Førde har eit lite sentrum der eigne gang- og sykkelvegar eignar seg betre enn sykkelfelt, seier Hals.

Sykkelveg med fortauSykkelveg med fortau

Det er vanskeleg å samanlikne dei to typane løysing når det kjem til plassbruk, det er avhengig av trafikktal og fartsgrense på dei enkelte strekningane. Men skisser som er laga frå Storehagen og frå Angedalsvegen viser at tversnittet, breidda på vegen, vert mindre ved denne nye løysinga samanlikna med sykkelfelt.

Forslaget frå Vegvesenet er no til politisk handsaming i Førde kommune. Rådmannen tilrår at endringa blir lagt til grunn i det vidare planarbeidet for tiltaka, og at den endelege løysinga vil bli vurdert og vedteke i dei enkelte reguleringsplanane i Førdepakken.