Vedtaket i Stortinget er i samsvar med Stortingsproposisjonen som vart lagt fram av Regjeringa tidlegare i juni, og i samsvar med bompengesøknaden som vart utarbeida lokalt seint i 2013.

20 delprosjekt

Det skal byggjast 20 delprosjekt i og rundt Førde sentrum som vil gi betre tilhøve for gåande og syklande og betre trafikkavvikling i Førde. Vi i Statens vegvesen ser fram til å gjennomføre desse tiltaka i godt samarbeid med Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei 20 tiltaka er førebels kostnadsrekna til 1 650 mill. kr. I tillegg til bompengar skal stat, fylke og kommune finansiere 158 mill. kr. kvar, og refundering av mva. skal og gå inn i finansieringa.

Bomstasjonar

Det skal byggast 5 bomstasjonar rundt Førde sentrum, der det vil bli innkrevjing av bompengar når ein kjører inn til Førde. Full takst for personbil er førebels utrekna til 23,50 kr. Det vil ikkje vere betaling for meir enn ein passering pr. time og for maks. 30 passeringar i månaden. Målet er å byggje dei 5 bomstasjonane frå tidleg i 2016, slik at innkrevjing kan starte tidleg neste haust. Det er rekna med om lag 12 års innkrevjingsperiode.

Byggjer i 2016-2022

No pågår det arbeid med to reguleringsplanar; gs-veg langs fv. 484 Vievegen og fortau langs fv. 609 Steinavegen med utbetring av Askvollkrysset på E39. I tillegg til å førebu bygging av 5 bomstasjonar førebur vi bygging av nytt samband mellom E39 på Hafstadflata og fv. 481 Angedalsvegen ved Førdehuset (m.a. ny bru over Jølstra), og bygging av to kryss og gs-veg nord for E39 på Hafstadflata. Vi vil starte bygging av dei fyrste tiltaka om lag samtidig med at bompengeinnkrevjinga startar. Vi vil starte planarbeid for dei andre tiltaka til hausten. Målet er å vere ferdig med bygging av alle 20 tiltaka i løpet av 2022.