Kontrastene kunne ikkje vore større mellom denne nydelege sommardagen, og første spadetak i april 2017. Då måtte Sunnfjord-bunaden på, for regnet hølja ned, og bakken var så knallhard at ordførar Olve Grotle ikkje fekk sette spaden skikkeleg i marka.

Men på denne julidagen, når sola steikte på natursteinsmurane, nylagd asfalt og vinkelrette blomsterbedd var dette gløymt. Som det vart sagt av ein av naboane til krysset:

- Dette er jo eit parkanlegg med veg!

Fann folkevogn

Nokre fartshumpar i byggeperioden har det vore. I området Hornnes og Bergum har det vore busetnad i tusenvis av år, og det har vore gjort arkeologiske funn som daterer seg heilt tilbake til tidleg jernalder. Den bossplassen som entreprenør grov seg på under bygginga av ny busslomme var av nyare dato. Funn av vekeblad daterer denne til 1960-70-tal.

Under bakken låg det mellom anna ei heil boble med hjul, mykje metallskrap og ein del pallar med vekeblad. Entreprenør måtte grave seg 12,5 meter ned, og 250 tonn med bilskrap og 100 tonn bildekk gjekk til deponi. Holet vart fylt i med sprengstein.

- Det var rart, før vi starta bygginga var det ingen som nemnte noko om ein søppelplass. Då vi grov oss på den var det visst mange som kjente til den likevel, fortalte Thomas Østerbø i Entreprenørservice AS skjemtefullt under markeringa.

Førde-firmaet har vore hovudentreprenør på dette flotte veganlegget.

Feiande flott nytt kryss

 - At de har klart å fullføre dette prosjektet til oppsett tid til tross for dei tillegga som har dukka opp er veldig bra, og de skal ha ros for at de har klart å bygge på eit så lite område, med så mykje trafikk, var prosjektleiar Erling Varlid sin bodskap til entreprenøren.

Bergumkrysset har ein ÅDT på om lag 7000, og mykje av denne trafikken er konsentrert til nokre timar på morgon og kveld. Prosjektet er gjennomført til avtalt tid, og utan alvorlege skader, noko avdelingsdirektør Svenn Egil Finden trakk fram i si tale.

- Nullvisjonen gjeld også på byggeplassen. De har lagt ned 22.000 arbeidstimar, og har hatt totalt 30 fråversdagar. Dette er hendingar vi lærer av, og som vi kan unngå seinare, sa Finden, som også rosa firmaet sin rekrutteringsprofil.

- Vi i Vegvesenet er avhengige av god rekruttering til anleggsbransjen. De har hatt fleire lærlingar på anlegget, og det er veldig bra.

Førde skal bruke to milliardar på veg

Kostnaden for nytt Bergumkryss vil runde 80 millionar, men dette  vart det ikkje dvelt så mykje ved på ein slik dag. Dei neste åra skal det gjennom Førdepakken investerast nærmare to milliardar i nye vegar, kryss, bruer og gang- og sykkelvegar. Bergumkrysset set standarden, meiner ordførar Olve Grotle.

- Det er viktig både for Førdepakken og byen at prosjekta ser fine ut, i tillegg til at vi får eit effektivt og rasjonelt trafikksystem.

Han gler seg over alt som skal skje på samferdslesida i Førde dei neste åra.

- Når andre byar og tettstader ser kor fint det blir kjem dei til å ville følgje i våre fotspor, meiner Grotle.