Delprosjekt 1 i Førdepakken er ei ny bru over Jølstra, frå Hafstadparken til Angedalsvegen ved Førdehuset. Brua skal vera tilrettelagd for bil-, gang- og sykkeltrafikk. Det nye sambandet kjem til å betra trafikkflyten i Førde, og binda sentrum tettare saman med ein ny bydel på Hafstad.
Statens vegvesen har i forprosjektet vurdert tre ulike alternativ for bru- og kryssløysing:

Alternativ 1 har rett bru og rundkøyring ved Førdehuset, som sikrar god trafikkavvikling der brua møter Angedalsvegen. Dette er det billegaste alternativet.

Forprosjekt T1 Førdepakken: alternativ 1Alternativ 1

Alternativ 2 har ei kryssløysing utan rundkøyring. Dette alternativet kostar 35 millionar meir enn Alternativ 1.

Forprosjekt T2 Førdepakken: alternativ 2Alternativ 2

Alternativ 3 har òg kryssløysing utan rundkøyring, men krysset er lagt delvis på ei utfylling i elva. Flaumproblematikk gjer ei slik utfylling problematisk, og Fylkesmannen og NVE har varsla at dei kjem til å protestera om dette alternativet vert vald.

Forprosjekt T1 Førdepakken: alternativ 3Forprosjekt T1 Førdepakken: alternativ 3

Det er veldig mange faktorar som spelar inn når ein skal avgjera kva løysing som blir best for ein veg, ei bru eller eit kryss. Ein sjekka korleis grunnforholda er for å vita kor og kva ein kan bygga, og korleis det må gjerast. Løysingane endrar miljø og natur på staden på ulike måtar, og dette kan til dømes verka inn på konsekvensane av ekstremvêr. Interessene til ulike grupper av reisande skal balanserast, samt omsynet til bystrukturen, både no og framover i tid. Kor mykje bygginga vil kosta kan vera avgjerande for om ho kan gjennomførast, og om ein har råd til andre prosjekt.

Vegvesenet gjer ei heilskapsvurdering av alle dei ulike faktorane, og på grunnlag av denne går me ut med ei tilråding om kva alternativ me meiner blir det beste. Denne vurderinga er no gjort for brua over Jølstra, og vår tilråding blir at ein byggjer Alternativ 1. Dette alternativet tek omsyn til elva og faren med å endra elvestraumen. I tillegg er dette det einaste alternativet som held seg innanfor dei økonomiske rammene til Førdepakken, og difor ikkje set bygginga av andre delprosjekt i fare.

Statens vegvesen si tilråding med full rapport om utgreiinga blir overlevert til Førde kommune neste veke. Kommuneadministrasjonen legg forprosjektet fram for politisk handsaming i planutvalet, for å få planfaglege råd. Dei bestemmer so kva for eit alternativ ein skal gå vidare med når ein skal utarbeida ein reguleringsplan.