Møtet fann stad i Førdehuset tysdag 19.januar.

Byggjer på trafikkplan frå 2013

Ordførar i Førde, Olve Grotle, tok forsamlinga igjennom bakgrunnen for tiltaka som no er lagt fram, trafikkplanen som vart vedteken i bystyret i 2013 og Stortingets godkjenning av bompengesøknad frå 2015.

- No skal vi i gang med å realisere trafikkplanen og starte bygginga av Førdepakken. Det vil bli interessekonfliktar undervegs, men desse vil vi forsøke å løyse på ein best mogleg måte, lovde Grotle.

Før bygginga kan starte, må det detaljplanlegging til. Sjølve planleggingsarbeidet skal utførast av Statens vegvesen, men Førde bystyre skal vedta kvar enkelt plan.

Arve Seger er kommunen sin representant og planleiar for Førdepakken. Han tok forsamlinga igjennom 19 av 20 tiltak, og ga ei kort oppsummering av kva dei inneheld.

Blant tiltaka som er spesielt store og omfattande er tiltak ni, fv. 481 Storehagen–Angedalsvegen. Her skal fylkesvegen rustast opp frå krysset med rv. 5 Naustdalsvegen, til den nye brua over Jølstra og Hafstad bydel sør for Førdehuset. Det skal byggjast sykkelfelt og fortau på heile strekninga.

- Tiltak 10 og 11, med gang- og sykkelveg frå Hafstad til Kronborgvegen/Brulandsvelle er eit anna utfordrande prosjekt. Her bevegar vi oss inn på den delen av Jølstra som ikkje har vore gjort inngrep i tidlegare. Oppdraget går ut på å sjå på moglegheit for å krysse elva i eit område som ikkje berre er uberørt, men også utsett for flaum, forklarte Seger.

Seger la ikkje skjul på at utbygginga av Førdepakken har eit langt tidsperpsektiv. Til dømes vil fv.481 Angedalsvegen, eitt av dei viktigaste tiltaka, ha ei planleggingstid på to til tre år.

Spørsmål frå salen

Målet med informasjonsmøtet var først og fremst å presentere dei som skal jobbe med prosjektet, og orientere om planane og det vidare arbeidet. Det vart også rom for spørsmål frå publikum. Alternative sykkelfelt-løysingar, reglar rundt ekspropriasjon av grunn og tidsperspektiv for utbygging var nokre av tema som opptok dei som hadde møtt fram i Førdehuset denne kvelden.

Ingar Hals er prosjektleiar for Førdepakken frå Statens vegvesen. Han skal koordinere arbeidet gjennom plan- og prosjekteringsfase, og vidare til utbygging.

- Dei største utfordringane vi vil møte er knytt til trafikkavvikling, vi skal bygge samtidig som det går trafikk på dei same vegane. Vi har også ei stram framdriftsplan for å få planane klare, og må samstundes ha fokus på kostnadsstyring slik at vi får gjennomført flest mogleg av tiltaka vi ynskjer, forklarte Hals.

Som for andre bompengepakkar, skal utbygginga tilpassast den økonomiske ramma som er sett i Stortingsproposisjonen. Førdepakken består av 20 prosjekt som er lista etter prioritet. Dersom nokre av prosjekta som vert starta opp først vert dyrare enn føresett, vil ein måtte kutte prosjekt frå botnen av lista.