Målet med den nye gang- og sykkelvegen er å leggja betre til rette både for bilfri transport, og for rekreasjon i lokale naturområde. Vegen blir liggande i eit område som er heilt fjerna frå biltrafikken, og blir eit trygt og enkelt alternativ for dei som ynskjer å nytta beina eller sykkelen til jobb, skule eller andre aktivitetar. Området er flatt og ligg nær sentrum, og blir soleis òg eit lett tilgjengeleg tur- og mosjonsområde. Det er planlagd to små rasteplassar med benkar, og fleire benkar langs vegen. Heile strekninga får gatelys.

Gang- og sykkelvegen skal etter planen bli tre meter brei og asfaltert. Ein har tenkt seg 0,25 meter grusdekka skulder på eine sida og 0,5 meter på den andre, for å leggja til rette for jogging. Det vart frå fleire hald i salen ytra ynskje om meir grusdekke, eller anna underlag, då dette er sunnare og betre å gå på enn asfalt. Statens vegvesen tek innspelet med vidare, og skal sjå på driftskostnadar og moglegheitene for utvida skulder eller liknande.

Det vart stilt spørsmål om kvifor ei bru over Jølstra som ville ha korta ned avstanden mellom sjukehuset og sentrum ikkje er med i planen. Silje Aalbu kunne fortelja at Vegvesenet har undersøkt fleire alternativ for ei slik bru, men det viste seg at dei brualternativa som hadde høgast nytteverdi òg var dei som baud på dei største utfordringane relaterte til natur og miljø. Ved ein storflaum vil elva fløyme over store delar av dette området, og for å ta omsyn til dette måtte ei bru her vorte veldig lang og dyr. Ein ynskjer dessutan å ta vare på natur og dyreliv i området, og ikkje øydeleggja for fiske i elva. Alt dette bidrog til at bruplanen no er lagt vekk.

Dersom planane for gang- og sykkelvegen blir vedtekne vil Vegvesenet prøva å få på plass avtalar med grunneigarar slik at ein kan starta på arbeidet neste vår.