Tiltak 12 er ein sentral del av Førdepakken, då det er naudsynt for å opna opp tilkomsten til Indre Øyrane. Ein ny bydel på Indre Øyrane skal bidra til planlagd fortetting i sentrum av Førde, for å minka transportbehovet i byen.

Det er ikkje ynskjeleg med auka biltrafikk i Førde sentrum. Ved å leggja til rette for ferdsle til fots eller på sykkel håpar ein at fleire vil velja å lata bilen stå. Trafikkflyten i Førde sentrum kan betrast ved at eksisterande biltrafikk blir fordelt på fleire årer.

Ifølgje planen skal Langebruvegen formast om til ei bygate, dvs. at det blir lagt vekt på å skapa eit godt bymiljø, med trerekkjer, låg fart, skilje mellom mjuke trafikkantar og biltrafikk, og generelt god tilrettelegging for gåande og syklande. Fartsgrense på 40 km/t og ei relativt smal vegbane er blant grepa som gjer gata lite eigna til gjennomfart at større køyretøy.

Etter presentasjonen vart det opna for spørsmål frå dei frammøtte. Planane for gata vekkjer stort engasjement, og det kom mange spørsmål og innspel. Fleire var uroa over parkeringstilhøva i Langebruvegen etter ombygginga. Magna Vangsnes kunne opplysa om at mange av gateparkeringsplassane blir vekke, men at det vil bli etablert nye parkeringsplassar nær brua, både på sør- og nordsida av Løken. Gata si plassering og avstanden til Helsetunet vart òg diskutert. Arve Seger kunne fortelja at brua over Løken i utgangspunktet var plassert mykje nærare Helsetunet, men at ein no har flytta gata og brua lenger mot vest, for å ta meir omsyn til Helsetunet og skapa rom for ei grøn sone mellom gata og bygget.

Fleire er uroa over at det skal komma ei bru over Løken, både av omsyn til eit sårbart våtmarksområde og fordi dei ikkje ynskjer stor trafikk verken i Langebruvegen eller i eit framtidig bustadområde på Indre Øyrane. Av presentasjonane går det fram at det er planlagd ei gate som ikkje ligg til rette for tung trafikk, og at det blir lagt stor vekt på å skapa gode tilhøve for gåande og syklande. I kryssinga av Løken er det planlagd ein slank konstruksjon, fundamentert på to små nes og ei øy. Opningane under brua gir god plass til vassgjennomstrøyming, og ein tek sikte på å opparbeida større vasspegl enn i dag. Eit gateløp med bilveg som kryssar Løken har lege inne i kommuneplanane i mange år, og er ein føresetnad for at ein skal kunna starta bygginga av den nye bydelen på Indre Øyrane.