Undersøkingane av grunntilhøva vert gjorde som ein del av planarbeidet i Førdepakken.

Grunnundersøkingane omfattar grunnboring og prøvetaking. Grunnboringane blir utførte med beltegåande borerigg, og skal gi oss svar på kor djupt det er til fastare massar og fjell. Prøvetakingane vil fortelje oss kva slags massar som ligg i grunnen, og kva slags eigenskapar massane har.

- Vi satsar på å få gjennomført borearbeidet i dei hagane vi har på lista vår på dagtid, slik at vi ikkje treng å jobbe tett inntil hus på natta. Noko støy vil det likevel bli når grunnboringsriggen skal utføre boringar langs strekninga, seier Sigrun Melve Aarrestad, geoteknikar i Statens vegvesen.

Arbeidet må utførast på natt fordi det krev manuell dirigering av E39. Skulle dette blitt gjort på dagtid, ville konsekvensane for trafikkflyten gjennom Førde sentrum blitt for stor. E39 blir halden open gjennom arbeidet, med maks fem minutt venting.