Innkrevjinga av bompengar skjer i ei retning, inn mot Førde, heile døgnet. Du skal køyre rett igjennom utan å stogge. Det er ingen myntmaskin eller manuell betaling.

Takstar:

 Full prisAvtale 20% rabatt

Lette køyretøy
(t.o.m 3500 kg)

2620,80
Tunge køyretøy
(f.o.m. 3501 kg)
4747

Det er to måtar å betale på


• AutoPASS-avtale
• med tilsendt faktura

Har du brikke allereie?

Dersom du ha AutoPASS-avtale og brikke frå eit anna bompengeselskap, treng du ikkje å gjere nokon ting. Med denne brikka og avtala får du automatisk alle fordelane som 20 % prosent rabatt (for køyretøy t.o.m 3.500kg), timesregel og passeringstak ved passering i bomringen i Førde.

Teikne AutoPASS-avtale

Du kan teikne avtale med eit valfritt bompengeselskap. Vi anbefaler at du teiknar avtale med Bergen Bompengeselskap AS på www.bomringenbergen.no. AutoPASS-brikka kjem i posten, og den skal monterast slik det er skildra i rettleiinga som følgjer med. Du betalar eit depositum for brikka på 200 kroner som kjem på første faktura. Depositumet refunderast viss du seier opp avtala og returnerer brikka til selskapet.

AutoPASS-avtale enklast og billegast

Med AutoPASS-brikke får du desse fordelane:
• AutoPASS-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m 3.500kg
• Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
• Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
• Du kan bruke AutoPASS-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg
• Du får 10 % rabatt i fleire andre bomstasjonar

Utan AutoPASS-avtale må du betale full takst kvar gong du passerer ein bomstasjon. Du må då betale via ein tilsendt faktura.

Fritak for betaling

Følgjande køyretøygrupper er fritekne for betaling:
• Passasjerar i alle typar køyretøy
• Gåande og syklande
• Motorsyklar og mopedar
• Køyretøy merka gravferdsfølgje
• El-bilar og hydrogenbilar med HY-registreringsskilt*
• Kollektivtransport i rute
• Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile
utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag*
• Rørslehemma med parkeringsløyve som gjeld for minimum to år. Her vert det også opna for to fritaksbrikker for familiar med born med nedsett funksjonsevne, og refusjon for dei med nedsett funksjonsevne utan eigen bil.

*Fritak krev AutoPASS-brikke. Les meir om dokumentasjonskrav på www.fordepakken.no

Meir informasjon

Til høgre på denne sida kan du laste ned informasjonsbrosjyra om AutoPASS som i løpet av august skal bli distribuert til alle husstandar i Førde og i nabokommunane.

Sjå også www.fordepakken.no for avtaleskjema og meir informasjon. Eventuelt kan du ringe kundeservice på telefon: 815 11 267