Svaret er ja. Men det vil ha ein kostnad, både økonomisk og for nokre av verksemdene på Halbrendsøyra.

Aktualisert i samband med trafikkanalyse

Tiltak 20 vart aktualisert i samband med ei trafikkanalyse frå i fjor som viste at dette tiltaket ville ha større positiv effekt på trafikken i Førde enn tidlegare rekna med.

Rapporten omhandlar tiltak 20 med bru over Jølstra ved Halbrendsøyra i den traseen som vart vedteken i kommunedelplan trafikk i 2012.

Traseen går frå fv. 609 i aust, over Halbrendsøyra, industriområdet som har samla eit stort miljø av bilrelaterte verksemder, og over Jølstra til Øyrane. På Øyrane føl traseen den kommunale vegen i om lag 150 m til rundkøyringa på rv. 5. Frå denne rundkøyringa vert det direkte kopling til det nye vegsambandet over Indre Øyrane til Langebruvegen (tiltak 12 i Førdepakken). Strekninga er 500 meter lang, inkludert ei om lag 100 m lang bru. Brua ligg om lag vinkelrett på elva. Andre alternativ vart også vurdert, men er ikkje tilrådd å jobbe vidare med.

- Ut frå ei førebels vurdering av alternativ trase over Jølstra synest det ikkje å vere anna trase som er enklare eller billigare å gjennomføre. Desse vert lengre og vil heller ikkje ha like god kopling til resten av vegsystemet, seier Magna Vangsnes, planprosjektleiar i Førdepakken.

- Stor nytte for byen Førde

Målet med rapporten har vore å avklare verknader for trafikantar og eigedomar langs vegen, og å få utarbeidd eit kostnadsoverslag.

- Vår vurdering er at for Førde som by gjev dette prosjektet stor nytte. Ved å knytte i hop områda som ligg på kvar side av Jølstra legg vi grunnlag for utvikling og fortetting av sentrum, førebygger store køar på vegnettet i sentrum og gir mjuke trafikantar eit betre tilbod enn dei har i dag, seier Vangsnes.

Undervegs i arbeidet med rapporten har dei vore i kontakt med verksemdene langs traseen for å få meir kunnskap om deira drift og behov. Fleire av verksemdene vil få ulemper, og to bygg må rivast. I rapporten har Vegvesenet prøvd å synleggjere korleis tapt areal kan kompenserast der det er mogleg.

Kostnadene med tiltaket er berekna til å ligge mellom 150-250 millionar kr, med middelverdi 200 millionar kr. Uvissa er 25 %. Brua er den største kostnadsposten.

Vegen vidare

Dialogen med næringslivet og grunneigarane vil halde fram, og i januar 2019 skal skisseprosjekt leggast fram for politisk orientering i Førde kommune. Skisseprosjektet må deretter godkjennast av styringsgruppa i Førdepakken, først etter dette kan ein vurdere om tiltaket skal flyttast høgare opp på prioriteringslista, og kva vedtaksmynde og prosessar som krevst for å få dette til.