Trafikken i retning Førde skal i ein periode gå på den framtidige tilkomstvegen til eigendomane på nordsida av vegen, medan trafikken ut av sentrum skal gå på dagens E39. Det vil bli sett opp sikring slik at felta er fysisk åtskilde, og det vil bli skilta køyreretning i begge felt.

Til dømes; kjem du frå aust i retning Førde og skal til næringsområdet ved Toyota og Tools, må du køyre ned til rundkøyringa ved Rema 1000, og følge den rundt og opp til den rette avkøyringa. Kjem du frå Førde sentrum og skal til Bilskadesenteret, så må du snu i rundkøyringa ved Plantasjen, og komme tilbake i rett køyrefelt.