Fv. 481 AngedalsvegenFv. 481 Angedalsvegen

Førdepakken tek sikte på lage ferdig forslag til reguleringsplan for Angedalsvegen (strekninga Prestholten - Slåtten skule) i løpet av november.

Uformell møtestad 

– Før vi ferdigstiller forslaget inviterer vi til open kontordag der naboar og andre kan komme innom og snakke med planleggarane, få informasjon og diskutere detaljar rundt sin eigedom, seier planleggingsleiar Magna Vangsnes.

Tid: Torsdag 7. november kl. 14.00-18.00
Stad: Førdehuset, Sakralrommet

Dersom tidspunktet ikkje høver eller du ynskjer ei synfaring på eigedomen – ta kontakt så avtalar vi ei anna tid.
Kontakt: magna.vangsnes@vegvesen.no, 57 65 58 53/951 91 963

Om prosjektet:

Angedalsvegen skal i hovudsak liggje på same stad som i dag. På oppsida av vegen vert det bygd sykkelveg med fortau.

 

Teikning av profil AngedalsvegenTeikning av profil Angedalsvegen

Talet på gåande og syklande i Førde aukar, og målet med Førdpakken er å bygge eit samanhengande system for mjuke trafikantar. I Angedalsvegen skal det byggast ein trygg og effektiv sykkelveg og eit eige fortau for gåande.

Auka trafikktryggleik for alle – færre ulykker

  • Mjuke trafikantarer skilt frå biltrafikken
  • Trygg skuleveg
  • Færre avkøyrsler
  • Betre sikt i avkøyrsler

Betre framkomst

  • Vegen vert ikkje stengd ved flaum – trygg tilkomst til sjukehuset
  • Utbetring av køyreveg og færre/betre avkøyrsler
  • Syklistar får eige felt skilt frå gåande og bilistar

I menyen til høgre finn de ei førebels skisse som viser korleis vi ser føre oss løysinga i Angedalsvegen