Ungar frå Førde barneskule i fullt firsprang på den nye vegen.Ungar frå Førde barneskule i fullt firsprang på den nye vegen.

Arbeidet er utført av Magne Hafstad AS, medan Norconsult hadde prosjektering og byggeleiinga. Utbygginga har vore eit samarbeid mellom Førdepakken og Førdefjorden Energi AS, som skal levere fjordvarme blant anna til sjukeheimen, Førdehuset og sentralsjukehuset.

– Det har vore veldig positivt å samarbeide med fjordvarmeprosjektet, på denne måten slepp vi to anleggsperiodar og oppattgraving av same traseeen med kort mellomrom. Anleggsteknisk har det vore eit godt prosjekt, seier Erling Varlid, Statens vegvesen sin prosjektleiar i Førdepakken.

Han håpar på vidare samspel med Førdefjorden Energi i seinare prosjekt, men nokre ting vil bli gjort annleis neste gong. På grunn av tidspress vart gang- og sykkelvegen bygd utan reguleringsplan.

– På neste samarbeidsprosjekt mellom Førdepakken og Førdefjorden Energi vil Vegvesenet leie og stå som byggherre, og vi vil ha reguleringsplan. Naboar og andre treng reguleringsplanfasen for å bu seg på det som vil komme, seier Varlid.

Kva anlegget har kosta er enno ikkje avklara.

– Sluttoppgjeret gjenstår, men vi kan seie so mykje at det har gått bra, seier prosjektleiaren. 

Ein gåseflokk over gang- og sykkelvgen langs Løken.Ein gåseflokk over gang- og sykkelvgen langs Løken.