Det sokalla Askvollkrysset på E39 sør i Førde har vore prega av eit komplisert trafikkbilete som har ført til fleire ulukker. Tilhøva for gåande og syklande har òg vore relativt dårlege. Sjølv om redusert fart og heva gangfelt no har hjelpt på situasjonen, er trafikkavviklinga i krysset framleis vanskeleg. Dette er eit av dei mest trafikkerte punkta i byen, med i gjennomsnitt 11 700 bilar i døgnet over Halbrendsbrua som leier inn i krysset. Av desse skal om lag tre fjerdedelar vidare på E39 oppover Halbrendslia, medan om lag 3 000 bilar held fram på fv. 609 i retning Askvoll. Avkøyringa har vore ein flaskehals og ei utfordring for trafikantane, og er difor eit høgt prioritert delprosjekt i Førdepakken. No er planlegginga av ny kryssløysing ferdig, og i dag inviterer Statens vegvesen interesserte entreprenørar til å komma med anbod på arbeidet.

- Me skal bygga om krysset for å letta trafikkavviklinga og gjera det tryggare og meir oversiktleg, fortel Asgeir Helleseth Furnes, byggeleiar på prosjektet.
- På E39 ut frå Førde skal det etablerast eit eige felt for avsvinging mot høgre, inn på fv. 609. I tillegg blir det lysregulering for både bilar og mjuke trafikantar.

Tryggare tilhøve for mjuke trafikantar

Gåande og syklande får no lysregulerte kryssingspunkt både over E39 og over Halbrendsbrua. På Halbrendsbrua blir gangfeltet kopla direkte på den eksisterande gang- og sykkelvegen mot Førde sentrum.

Medan det i dag er langsgåande gang- og sykkelveg på E39, har tilhøva for gåande og syklande langs fv. 609 vore vanskelegare. Når det no blir bygd fortau langs sørsida av fylkesvegen, blir tilkomsten lettare og tryggare for bebuarane i Steinavegen og andre som brukar denne vegen inn til sentrum. Furnes utdjupar:

- Eit av hovudmåla til Førdepakken er å leggja til rette for bilfri ferdsle. Med fortau langs fv. 609 kan fotgjengarane komma seg til eller frå Steinen utan å gå i bilvegen. Å skilja biltrafikk frå mjuke trafikantar er tryggare for alle. Grepa me gjer i krysset vil òg gi betre og sikrare tilhøve for dei mjuke trafikantane.

Utfordrande trafikkavvikling

Arbeidet som no blir utlyst gjeld både fortau langs fv. 609 og bygging av det nye krysset på E39, med nye avkøyringar og lysregulering. Det kjem til å bli delt opp i tre delprosjekt med ulike sluttdatoar. Det fyrste som skal stå ferdig er ei ny bru ved sida av den eksisterande Halbrendsbrua, for å få plass til avkøyringsfeltet. Ombygginga av sjølve krysset kjem til å gå føre seg parallelt, men vera ferdig litt seinare. Til slutt kjem omlegginga av fv. 609 og bygging av fortau.

- Rekkjefølgja på delprosjekta er planlagd slik for å sikra at trafikkavviklinga på E39 og fv. 609 kan gjennomførast så godt som mogleg, forklarar Furnes.
- Litt kø og venting kan det nok dessverre likevel bli under bygginga – det er vanskeleg å unngå på ein stad med so mykje trafikk. Men det er lagt inn som føresetnad i kontrakten at E39 skal ha to køyrefelt i størstedelen av anleggsperioden.

Det er mykje som skal takast omsyn til når ein skal byggja veg midt i bytrafikken.

- Utrykkingskøyretøy skal ikkje bli påverka av bygginga, forsikrar Furnes. Dei gåande og syklande skal heller ikkje bli hindra gjennom krysset, men overgangen kan bli flytta litt på i anleggsperioden. Det blir òg viktig å halda den einaste trafikkåra inn frå sør open for ei viss trafikkmengd, for at det ikkje skal bli total stopp i trafikken.

Oppstart over nyttår

Nytt for anbodskonkurransen på Askvollkrysset er at han blir gjennomført som KGV (elektronisk konkurransegjennomføringsverktøy). Det vil seia at innleveringa av anbod skjer elektronisk og det blir ikkje tradisjonell anbodsopning.

- Fristen for innlevering av anbod er DATO. So skal me vurdera desse og få på plass kontrakt med ein entreprenør. Me reknar med oppstart like over nyttår, fortel byggjeleiaren.

Ombygginga av Askvollkrysset og fv. 609 blir soleis det andre delprosjektet i Førdepakken ut av startgropa. Arbeidet, som er av omlag same storleik som Bergumkrysset, skal etter planen vera ferdig i mars 2019.


Les meir om KGV her.

Les meir om Førdepakken og delprosjekt 6/7 her.