Torsdag 30. mars var bystyret i Førde samla for å få ei oppdatering om framdrifta på Førdepakken. Det var styreleiar i Førdepakken bomselskap, Oddvar Flæte, Statens vegvesen sin prosjektleiar, Ingar Hals, og Førde kommune sin prosjektleiar Arve Seger, som saman heldt orienteringa. Sistnemnde tok eit historisk perspektiv, og greidde ut om korleis kommunen sine planar for Førde sentrum ha utvikla seg sidan tidleg i 90-åra, og om vurderingane og vala som låg til grunn for prosjektet. Han la vekt på korleis veg- og gatenettet i ein by i høgste grad påverkar framkomst, ferdslemønster og utbygging, og at mangelen på gode ferdsleårer kan hemma byutviklinga. Gjennom fortetting i sentrum, og tilrettelegging for gåande, syklande og kollektivtrafikk, vil ein å skapa ein by med god målestokk.

Flæte tok føre seg den lange prosessen fram til bompengevedtaket i Stortinget sommaren 2015, og korleis ein ser føre seg den vidare utviklinga.

Politikarane vart òg informerte om status for abeidet per dags dato, og om kva som vil skje framover. Hals kunne fortelja at bygginga er i gang på eitt delprosjekt (Bergumkrysset), to reguleringsplanar er godkjende, og éin er ute på høyring no. Han gjorde òg greie for kor langt planane for dei andre delprosjekta er komne – her er det for tida stor aktivitet.
Medlemmane av bystyret nytta høvet til å få svar på mange spørsmål om prosjektet.

- Å ta ein slik gjennomgang er nyttig både for politikarane og dei som arbeider med Førdepakken til dagleg, seier prosjektleiar Ingar Hals.