Viktig tiltak

Ingar Hals frå Statens vegvesen sin planseksjon leidde presentasjonen av etaten sitt nye forprosjekt. Han starta med ei oppsummering av historie og bakgrunn. Brua over Jølstra vart vedteken av Bystyret i Førde allereie på 90-talet og er eit svært viktig tiltak i den heilskapen Førdepakken utgjer. Bruplanen som vart utarbeidd av eit konsulentfirma for Førde kommune i 2009 synte seg å bli svært vanskeleg å byggja. For å halda seg so nært som mogleg til den opphavlege planen, utarbeidde Statens vegvesen eit alternativ med fylling i elva i staden for pælar. Dette forslaget, alternativ 3 i forprosjektet, vart presentert for NVE og Fylkesmannen, som melde tilbake at ei slik løysing ville gi for store inngrep i elva. Grunna omsyn til både natur, miljø og flaum­problematikk, varsla dei mogleg motsegn mot ei slik løysing. Vegvesenet gjekk difor i gong med å utforska andre alternativ.

Store utfordringar og stor konstruksjon

I den opphavlege planen låg krysset i Angedalsvegen delvis oppå brua, for å unngå kunstgrasbana. Rolf Aasland frå Vegvesenet sin geo- og skredseksjon greidde ut om dei tekniske vanskane ved å byggja ei slik bru på pælar, på ein stad med vanskelege grunnforhold.

- Her er det 80-85 m ned til grunnfjellet – for langt til at me kan setja pælane på berg, fortalde han.

Pælar som ikkje står på berg har mindre berekraft, og då må dei vera fleire og større. Aasland synte skisser av kor stor ein slik brukonstruksjon måtte bli, samanlikna med eksisterande bruer i Førde.

Grunnforhold og samanlikningBru i alt. 3 samanlinkna med eksisterande bruer

Jan Helge Eggum frå Bruseksjonen tok opp tråden og la fram utfordringane ved plass- og tidkrevjande arbeid midt i ei flaumutsett elv. Han gav deretter ei kort orientering om ulike brutypar, og framheva nettverksbogebru som eit godt alternativ for denne kryssinga.

Brua i landskapet

Landskapsarkitekt Gyril Fimreite la fram vurderingar av konsekvensane ulike løysingar kan få for nærmiljøet og landskapet. Ho la vekt på at brua bør utformast vinkelrett på elva, både for å passa estetisk inn i landskapet og for å gi best mogleg rom for dei funksjonane ein ynskjer å få plass til i området.

Sidan brua i alternativ 1 står vinkelrett på elva, og difor blir ein god del kortare enn i dei andre alternativa, vert denne løysinga rekna for å vera den beste. Brua blir ein mindre dominerande konstruksjon, gir tettare samband mellom Førdehuset og Hafstad for gåande og syklande, og øydelegg mindre kantvegetasjon langs elva. Alternativ 3 vert vurdert som det mest øydeleggjande alternativet. Ei stor og dominerande bru, fylling i elva, samt naudsynt forbygging på sørsida, er store og alvorlege inngrep.

Fimreite viste fleire skisser med forslag til korleis området framfor Førdehuset kan utformast, med parkeringsplassar, bussløkke og grøntareal. Det er mange omsyn som skal takast, og mange funksjonar som skal inn. Dersom ein klarar å finna ein stad til kunstgrasbana utanfor dette området, vil ein ha mykje betre høve til å få plass til alt det andre ein ynskjer seg, og stå friare til å tenkja nytt om Førdehuset sine omgjevnadar.

 

Skisse bru tverrsnittSnitt av bru i alt. 1

Ansvar for kulturminne

Etter Statens vegvesen hadde avslutta sin presentasjon, orienterte Knut Håland frå nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune om kulturminna som kan bli påverka av byggjeplanane ved Jølstra. Han understreka at ein har eit lokalt ansvar for å ta vare på regionale og nasjonale verdiar.

Den gamle elveforbygginga langs nordsida av Jølstra er eit kulturminne med verdistatus nasjonal interesse. Alternativ 1 tek hol midt i denne elveforbygginga, og Håland etterlyste informasjon om kor stor skade ei bru her vil gjera på kulturminnet. Om ein ikkje kan unngå å byggja her, må ein ha planar for korleis ein skal bøta på eit slikt inngrep. I tillegg minna han på kor viktig Førdehuset er for identiteten i Førde, og oppmoda om å visa omsyn til alléen som understrekar storheita til huset.

Det andre viktige kulturminnet i området, Landabryggja på sørsida av elva, ville bli heilt øydelagd av alternativ 3.

Fagetatar på linje

Vassdragsforvaltar Eivind Sølsnes frå miljøvernavdelinga til Fylkesmannen forklarte korleis ulike inngrep i ei elv kan påverka fisken sine levekår og tilhøva for gyting. Han oppfordra til å arbeida for å halda ved like kantvegetasjon og lata elva behalda ei naturleg form.

Sølsnes gjorde det òg klart at Fylkesmannen framleis er svært kritiske til alternativ 3, sidan denne løysinga vil øydeleggja gyteområde for fisk i elva. Ei fylling vil dessutan snevra inn elveløpet og minka flaumkapasiteten. 

NVE delte Fylkesmannen og Vegvesenet si uroing.

– Førde kommune må gi vassdraget den plassen vassdraget treng og tenkje langsiktig, oppsummerte arealplanmedarbeidar Toralf Otnes.

– Vår vurdering er at alternativ 3 medfører uakseptable konsekvensar for allmenne interesser i vassdraget – ulempene er større enn fordelane. Det gir òg so stor fare for flaum og erosjonsskader at det ikkje kan aksepterast.

Han avslutta med at NVE truleg vil fremja motsegn om ein vel alternativ 3. Forholdet til kulturminnet på nordsida av elva meiner dei kan løysast på detaljnivå, òg for alternativ 1.

Orienteringsmøte Førde bystyre 2Jan Helge Eggum orienterer om brutypar

Fakta på bordet

Mange av politikarane hadde spørsmål til fagetatane, både om tekniske forhold og alternative løysingar. Sjølv om det var stor semd om at orienteringa var grundig og oppklarande, hadde bystyremedlemane gjort seg opp ulike tankar om vegen vidare. Helge Schei frå SV var klar til å gå i gang med bygginga, men fleire av dei andre hadde framleis behov for å forsikra seg om at alle steinar verkeleg er snudde.

– Eg trur alle som er i salen her skjønnar at dette er ei utruleg vanskeleg sak, sa rådmann Ole John Østenstad, og understreka at det er viktig med ein god prosess.

No skal politikarane studera forprosjektet og vurdera korleis dei vil å vidare.

 

 

Heile møtet vart strøyma og du kan sjå opptaket på Førde kommune sine nettsider.

Her kan du lasta ned forprosjektet, og presentasjonane som vart haldne på møtet: