Planforslag ute til offentleg gjennomsyn

Statens vegvesen har i samarbeid med Førde kommune utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for E39 Liavegen – Skjæret.  Planutvalet i Førde kommunen har vedteke at planforslaget skal leggast ut til offentleg gjennomsyn. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere planfri kryssing under E39 slik at skulevegen vert tryggare.

Plandokumenta finn du nedst på sida.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg gjennomsyn frå 1.mai til 12.juni 2017.

Informasjonsmøte

Det vert informasjonsmøte tysdag 23.mai kl. 19.00 på Halbrend skule (audutoriet). Alle er velkomne.
Om det er ynskjeleg kan du avtale eige møte med oss.

Merknadar

Dersom du har merknad til forslaget, skal den sendast Førde kommunen innan 12.juni.

Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde
Firmapost: postmottak@førde.kommune.no

Spørsmål

Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av følgjande:

Førde kommune
ved Arve Seger
tlf. 57 61 27 19 / 48 02 26 26
arve.seger@forde.kommune.no

Statens vegvesen 
ved Magna Vangsnes 
tlf.  57 65 58 53 / 95 19 19 63
magna.vangsnes@vegvesen.no