Idéverkstad T1 oversynIdémyldring på Sunnfjord hotell, 24. januar. (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)
Statens vegvesen og Førde kommune har saman gått gjennom forslaga og bestemt kva for nokre ein skal arbeida vidare med. Fleire av forslaga som kom fram under verkstaden likna på kvarandre, og dei  alternativa ein går vidare med byggjer på fleire forslag. I tillegg skal me sjå meir på kva brutypar som kan nyttast, og ulike løysingar for kryss og brufundamentering.

Det er mange omsyn som skal vurderast: sidan kostnadsramma til Førdepakken ligg fast, og ein høgare kostnad på eitt tiltak difor kan føra til at ein må kutta eit anna, er det sterkt ynskjeleg å ikkje gå for langt over den planlagde kostnaden for delprosjektet. Ein må sjå på korleis løysinga ein vel heng saman med andre tiltak i Førdepakken, og korleis ho eventuelt fungerer i heilskapen av gatenettet og ferdsleårene i Førde – både no og i framtida. Fylkeskommunen har peika på at ei best mogleg bussløysing òg må vera ein prioritet. Det er mange born som skal ferdast i området, både i samband med skule og fritidsaktivitetar, og det er viktig at løysingane som blir valde gjer det lett og trygt for dei å komma seg av og på, til og frå bussen.

Førde kommune skal òg arbeida med å greia ut konsekvensar og kostnadar ved eventuelle endringar i området rundt Førdehuset, til dømes om det er mogleg å flytta Laksen.

Planleggjarane på Førdepakken skal arbeida vidare med forslaga frå idéverkstaden til over sommaren. Det kan bli aktuelt å henta inn att nokre av dei eksterne fagfolka som var med på idéverkstaden i Førde i januar. Utgreiinga deira vil bli samla i eit tilleggsdokument, som blir lagt ved det eksisterande forprosjektet. Statens vegvesen vil òg komma med ei ny tilråding, basert på alle dei utgreidde alternativa. Dette skal vera klart over sommarferien, slik at planutvalet i Førde kommune kan få det til handsaming tidleg på hausten. Målet er at ein skal ha ein ferdig vedteken reguleringsplan våren 2019.

 

 Les meir på heimesida til delprosjekt 1

Om du ynskjer å lesa rapporten, eller sjå presentasjonane som vart haldne på idémyldringa, kan du lasta dei ned frå menyen til høgre.